INSTRUKS FOR OPPMANN TYSNES IDRETTSLAG

Oppmannen er ein nøkkelperson i drifta av handballaget og er eit bindeledd mellom trenar, føresette og styret. Kvart lag skal ha ein oppmenn.

Oppmann skal:

  • Veljast på foreldremøte eller ved førespurnad ved sesongstart og vera styret sitt kontaktledd med spelarar og dei føresette.
  • Ved sesongstart sjekka om kampar bør flyttast/omberammast. Sportsleg leiar i styret er omberammingsansvarleg og sender ut påminning om fristar for dette. Omberammingsansvarleg hjelper nye oppmenn med denne oppgåva.
  • Sørgja for påmelding til evt handballcup./ Snakka med sportsleg leiar
  • Ha ansvar for at alt nødvendig utstyr er på plass. Utstyr skal skaffast i samarbeid med trenar og materialforvaltar.
  • Laga og levera ut kjørelister til foreldre (sjå eigen mal).
  • Ha ansvar for å samla inn reisepengar ved kampar utanfor Tysnes (evt. koordinera dette med trenar), føra reiserekning og senda denne samt kvitteringer til kasserar. Reisepengar skal setjast inn på Tysnes IL sin konto. Dette skal gjerast fortløpande etter kvar bortekamp. Sjå reiseskjema på nettet.
  • Ha ansvar for å fylla ut lagliste om hausten og senda denne til kasserar (sjå eigen mal for lagliste). Når ny/nye spelarar ser ut til å etablera seg, skal lagliste oppdaterast og sendast til kasserar.
  • Sørgja for at laget stiller med eit gitt tal dugnadspersonar i samband med Tysnesfest.
  • Stilla på oppmannsmøte som normalt er 1-2 gonger i året.
  • Ha ansvar for at spelarane på laget følgjer Tysnes Idrettslag sine ”lover og reglar”, samt oppfører seg tilfredsstillande i forhold til klubben sine statuttar (ikkje mobbing, erting, usportsleg oppførsel). Her må det nødvendigvis vera ein god dialog med trenaren.
  • Ha ansvar for arrangering av handballkampar i Tysneshallen, sjå eigen arbeidsfordeling på nettet.

OBS!! Det er kun brusskapet som er TIL`s kjøleskap. Alt som er til ”overs” etter kamp skal setjast inn her.