mandag 19. april 2010 20:37 | Skrevet av Edvard Tysnes |
Tysnesingar med suksess i Florø
22 handballjenter og gutar frå Tysnes idrettslag
har sett farge på Florø denne helga. Jenter 14 og Gutar 14 har delteke i
Vestkyst-cup, og turneringa endte med siger til jentene og ein andreplass til
gutane. Ungdommane fylte opp den nye "Tysnesbussen" til Arne Leite fredag
ettermiddag. Saman med 4 andre vaksne tok han oss på forsenka vinterføre trygt
til Florø.
Jentene møtte to lag frå Florø, Bremnes og Sollund,
og vann tre kampar og spela ein uavgjordt. Kampen om turneringssigeren sto mot
Florø 1. Laurdag ettermiddag spela me 12-12 mot dei i ein spennande kamp.
Før
vår siste kamp mot Sollund hadde Florø 19 plussmål meir enn oss, så me måtte
vinna med 20 plussmål for å ta klassesigeren og det på bare 25 minutter.
Jentene
klarte oppgaven, dei spreng Sollund i senk og kontra som aldri før,
og vann
25-2. Eit mål i minuttet. Dermed var sigeren klar.
No er turneringsreglane
slik at sidan me har nokre eldre spelare på "disp", så fekk me ikkje
pokalen,
men sportlege og moralske vinnare vart me.
Gutane har hatt ein tung sesong, og ikkje tatt
mange skalpar. Dei møtte Florø, Sollund og Kalandseid i pulja si. Gutane reiste
kjerringa, og fekk me seg siger mot Florø og Sollund. Men erkefienden fra
tidligare i år, Kalandseid, var ikkje til å stagga, så det vart tap mot dei både
i innleiande kamp og i klassefinalen. Men ein andreplass smakte godt, og gutane
varta opp med til tider feiande flott spel, ikkje minst kombinasjonane på
venstresida med Jone og Torstein. I tillegg hadde Andreas ein flott turnering i
mål.
Florø hadde sett opp ei flott
turnering med kampar,
mat og overnatting på same staden, og det vart vist idrettsglede og
innsats som
gleda dei mange tilskodarane. Takk Florø, me kjem gjerne igjen.