tirsdag 06. april 2010 20:21 | Skrevet av Edvard Tysnes |
Tysnes IL kan skryta øve å ha eit dommarpar som kretsen har valgt ut til å representera regionen under helgas PW-cup (Petter Wessel)for 12 og 13 åringar i Larvik
I lag med eit anna dommarpar reiser Agnethe Flakke(18) og Marion D.Brungot(18), som representanter for RegionVestNorge, til Larvik på fredag for å dømma kanskje Norges beste lag!
PW-cup er ei turnering som av mange blir sett på som eit uoffisielt NM for yngre lag.
Det er utruleg kjekt at Tysnes IL har klart og fått fram eit ungt dommarpar, som andre legg merke til. Både spelarar og andre klubbar har gitt positive tilbakemeldingar på dette dommarparet, som er det einaste dommarparet i klubben som har dommar2-utdanning!
Det kan jo òg nevnast at dette dommerparet vart hedra med
dommarstipend i
2007 i frå RVN, les her
TIL har òg mange andre lovande dommarpar som er på full fart opp og fram.
Håpar dette kan vera med på å motivere alle til både fortsetja som dommar og ikkje minst utvikla seg! For som ein ser så hjelper det å stå på!