| Handballkampar i Tysneshallen laurdag 13.mars 2010 | |
|
TysnesIL sine lag er i form for tida og det vart ein super dag i hallen med ein uavgjort kamp og heile fem sigrar! Det var stor stemning på tribunen frå morgonen av, med både heiarop og bjøller. Publikum er flike til å oppmuntra laga sine og handball på Tysnes er absolutt god underhaldning! |
|
| Teks: Ingrid Haaland og Einar Wathne. Bilete: Ingrid Haaland |
|
|
G10 Tysnes – Sund Tysnes sine gutar 10 spelte to kampar mot Sund. Første kamp var svært jamn og underhaldande og til pause leia Sund med 4-3. Spenninga berra auka i andre omgang, og stillinga var 7-7 når det var halvminuttet att av kampen. Med full innsats til siste sekund klarte Tysnes å vinna 9-7! I Tysnes G10 sin andre kamp mot Sund hadde gutane enno meir sjølvtillit og var noko sterkare i forsvar. Dei oppviste fleire gode kontringar som enda med ballen i nettet bak Sund-målvakta. Tysnes vann velfortent 11-6. G10 har ikkje vore vane med å vinna kampane sine, men dette ser ut til å ha snudd no! Gratulerar med to flotte sigrar! |
![]() |
![]() |
|
G11 Tysnes - Fana Tysnes G11 hadde ein tøff motstandar i Fana, som raskt tok leiinga med sterke spelarar på vingen. Tysnesforsvaret vart betre utover i første omgang, med godt samspel og Elvis trygt i mål med mange gode redningar. Til pause var stillinga 6-5. I andre omgang gjekk leiinga frå det eine laget til det andre med stor innsats og høgt tempo, og sluttresultatet vart 11-11. Tysnes G11 har diverre nokre spelarar som for tida er skada, men Ina stilte sporty opp som innbytar på kort varsel. |
![]() |
![]() |
|
J14 Tysnes - Fitjar Fitjar starta med å skåra etter få sekund, men Tysnes vakna raskt og etter nokre minutt suste ballen inn bak fitjarmålvakta gong på gong. Tysnesjentene var i storslag og pauseresultat vart 15 - 4 etter at fortvila motspelarar sørgde for mange frikast og straffar i favør av Tysnes. I andre omgang var Fitjar meir med i spelet mens Tysnes ikkje lengre hadde same tenning. Men det var aldri snakk om innhenting for gjestelaget og Tysnes vann med heile 20 – 9. |
![]() |
![]() |
|
Tysnes jentene avsluttet serien på en verdig måte lørdag ettermiddag
med 20-9 seier over Fitjar. Det betyr at jenetene ble nummer to i pulja,
to poeng bak Stord. Det er litt bittert å tenke på at om to-måls tapet
mot Stord før hadde endt med uavgjordt, så hadde vi vunne pulja. (tabell
på http://www.handball.no/kamper.asp?AvdId=10676) I Fitjar kampen hadde jentene bestemt seg for å ta kontrollen fra start. Forsvaret tettet alle luker og jnetene jobbet svært godt to og to, spesielt Heidi og Ingelin tettet svært godt igjen på sin side og viste glimrende forsvarspill. Framover var både Evelyn (7 mål) og Maria (4 mål) bevegelige, fant hull i Fitjarforsvaret og viste fram en rekke gode skudd. Vi benyttet anledningen til å prøve ut spillere på nye plasser, og det resulterte i at alle utespillere så nær som en, kom på scoringslista. Maria K fikk sitt første mål for året. Med to keepere på skadelista, måtte Renathe trå til i mål, og det løste hun utmerket. Jentene gledet seg også over gutter 14 som viste storspill i kampen etter. Gratulerer gutter. Nå ser vi fram til Vestkyst cup i Florø i april, og satser på å vise oss fram i nabofylket.
Mvh Einar Wathne |
|
G14 Tysnes – Bjørnar
Kampen
starta med høgt tempo og mange gode forsøk som ikkje alltid enda med mål. Fram
til stillinga 2-2 var det ein jamn kamp, men etter det drog Tysnes frå. Jone
var svært kjapp på venstre ving og skåra mange mål, og Kristoffer var ein
konstant trussel på Bjørnar sin strek. Forsvaret demde godt opp og stengde for Bjørnar
sin veldig gode midtspelar. Då kampen enda stod det 21 – 16 til Tysnes. |
![]() |
|
Damer Tysnes – Vadmyra Damelaget spelte nok ein sterk kamp. Vadmyra hang med i første halvdel, og pauseresultat vart 10 - 9. I andre omgang berre auka Tysnes leiinga, bl.a. med svært gode kontringar. Jentene våre hadde absolutt taket på gjestene. Toppscorar vart Agnethe Flakke med 5 mål mens Hege Flornes med sine flotte kontringsmål skåra 4. Den målrike kampen enda 25 -18. |
![]() |
![]() |
| 13. mars 2010 Ingrid H Haaland, TysnesIL |
| < Forrige | Neste > |
|---|
Sist oppdatert (søndag 14. mars 2010 19:27)
Hugs..
|