gevinstregistrering
grasrot1

nhf-logo regionvest 

Skrevet av Edvard Tysnes

Fyrste kampen i dag var mellom Tysnes G12 og Viking 

 

Dette var to lag som spela jamnt i byrijinga av kampen.  Det vart få mål og begge laga spela veldig bra forsvar.

Tysnes fekk straffe mot seg tidleg i 1.omgong men den redda Bjørn Ove galant!! Viking sine gutar var nok hakket betre i angrep og scora fleire gongar før Tysnes fekk sin fyrste. Tysnes sine gutar jobba godt og kom til fine avslutningar men det vart dårleg uttelling – det vart mykje skot i tverrliggar og i stolpe i tillegg til at Viking hadde ein veldig god keeper.  Men på tross av dette haldt dei humør og arbeidsmoral oppe og vart belønna med ei flott scoring av Olai frå vingen.  Laga gjekk til pause på stillinga 1-9.  Sjølv om dei låg sopass bak kom Tysnesgutane på banen igjen fulle av pågangsmot.  Dei fortsette det gode samarbeidet i forsvar og klarte å spele seg til nokre fine avslutningar også i denne omgangen. Olai scora 2 flotte mål frå vingen og Sondre fekk prikka inn ei scoring etter ei kontring.  Kampen enda med siger til Viking:  4 –17.

CIMG2184

Tysnes G12 har hatt ei fantastisk utvikling og er blitt eit veldig bra lag.  Dei er gode i forsvar og dei er heller ikkje redd for å skyte!! Hadde alle skudda deira vore innanfor stolpane i dag så hadde resultatet vore eit heilt anna!! Stå på gutar (og trenarar) – dette var gøy å sjå på!!!

CIMG2187

Neste kampen var Tysnes G13 mot Sotra

Starten av 1.omgong vart dominert av Tysnes og dei leia 3-0 før Sotra fekk si første.  Tysnes hadde kontroll og leia heile omgongen etter flotte scoringar. Til pause var stillinga 8-5.

I 2.omgong kom Sotra meir med.  Kanskje slappa Tysnesgutane litt av – dei kom litt langt ut i forsvar og Sotra kom gjennom gong etter gong og leiinga til Tysnes skrumpa sakte men sikkert. 

Halvvegs i 2.omgong var Sotra ajour.  Tysnes fekk 1-målsleiing igjen men mot slutten av omgangen utligna Sotra igjen og klarte etterkvart å ta leiinga 10-11 til stor jubel frå Sotraforeldre på tribunen! Tysnes sette inn ein sluttspurt og klarte å berge sigeren – sluttresultatet vart 13-12!

CIMG2208

Heimekampar 03.12.11

Fyrste kampen i dag var mellom Tysnes G12 og Viking    Dette var to la...

Søndag 20.11.2011

Stor handballdag 22 handballkampar vart avvikla i Tysneshallen i dag. Tysnes Idr...

Laurdag 01.10.11

2 KAMPAR I HALLEN LAURDAG 1. OKTOBER Det var duka for to spennande kampar i Tysne...

  • Heimekampar 03.12.11

  • Søndag 20.11.2011

  • Laurdag 01.10.11

Neste heimekampar i Tysneshallen


SØNDAG 11.03.2012
1255-1350 Tysnes Kalandseid Gutter 13 B1
1355-1450 Tysnes Fyllingen 2 Jenter 14 B1
1450-1545 Tysnes Fana 2 Jenter 12 A2
1545-1700 Tysnes Bjørnar 3 7.divisjon kvinner
SØNDAG 18.03.2012
1200-1255 Tysnes Vadmyra Gutter 13 B1
1300-1355 Tysnes Flaktveit Gutter 12 B1

Tysnes IL vert sponsa av:

E-cup vart sponsa av:

Tysnes Idrettslag takkar for støtta!