gevinstregistrering
grasrot1

nhf-logo regionvest 

Skrevet av Edvard Tysnes

UTRULEG SPENNANDE

Først ut var J14 mot Sotra. Dette vart ein utruleg spennande kamp, der laga føl kvarandre frå start til slutt.

Tysnes opna flott med mål frå ving, men Sotra er også sugne på seier og føl på med mål straks etterpå. Slik fortset heile kampen, og det er aldri meir enn 2 mål i forskjell på laga.

DSC 5667

Siste halvdel av andre omgong er likevel Tysnes klart best på banen. Dei får til spelet sitt og samarbeidar godt. Forsvaret kunne vore litt betre, her slappar dei litt for godt av på slutten.

DSC 5677

Publikum kan ikkje trekkja pusten før dommaren bles av, og Tysnes kan hala i land seier med 14 mot 13 mål.

Me gler oss allereie til neste kamp.

Tekst og foto Eli Espeland


 

 

GUTAR MED FART I BEINA

Neste lag ut er G12 mot Sotra.             .

Gutane framviser fart og energi frå starten av. Dei kjempar godt både i angrep og forsvar. Synd gjestene har ein keeper som reddar det meste. Han kunne godt fått seg ein pause på benken. Trass dette får dei inn så pass mange mål at kampen blir spennande, og dei gir aldri opp.

DSC 5695

Tysneslaget spelar seg til mange straffar i løpet av kampen. Og resultatet 10 – 14 er ikkje å skamma seg over, mot eit lag som er eit lite nummer betre.

DSC 5714

Med så mykje fart i beina som desse gutane har, blir det mykje flott handball utover i sesongen.

Tekst Eli Espeland

Foto Elisabeth Ebbesvik

Heimekampar 03.12.11

Fyrste kampen i dag var mellom Tysnes G12 og Viking    Dette var to la...

Søndag 20.11.2011

Stor handballdag 22 handballkampar vart avvikla i Tysneshallen i dag. Tysnes Idr...

Laurdag 01.10.11

2 KAMPAR I HALLEN LAURDAG 1. OKTOBER Det var duka for to spennande kampar i Tysne...

  • Heimekampar 03.12.11

  • Søndag 20.11.2011

  • Laurdag 01.10.11

Neste heimekampar i Tysneshallen


SØNDAG 11.03.2012
1255-1350 Tysnes Kalandseid Gutter 13 B1
1355-1450 Tysnes Fyllingen 2 Jenter 14 B1
1450-1545 Tysnes Fana 2 Jenter 12 A2
1545-1700 Tysnes Bjørnar 3 7.divisjon kvinner
SØNDAG 18.03.2012
1200-1255 Tysnes Vadmyra Gutter 13 B1
1300-1355 Tysnes Flaktveit Gutter 12 B1

Tysnes IL vert sponsa av:

E-cup vart sponsa av:

Tysnes Idrettslag takkar for støtta!