Tøff motstand

Først ut var Jenter 10, rosa. Dei møtte Årstad 2. Motstandarane opna knallsterkt, og Tysnes jentene kom ikkje heilt inn i kampen i første omgang. Til pause leia Årstad 4 – 1. I 2. omgang gjekk det betre for Tysnes, men Årstad 2 vann til slutt 6 – 1.

Neste kamp var mellom Tysnes J13 som møtte Kringlebotn. Til pause leia Kringlebotn 11 – 4. Tysnes J13 hadde kortare periodar der dei spela jamt mot Kringlebotn, men noko spenning resultatmessig vart det ikkje. Kringlebotn vann til slutt kampen 22 – 8.

Kvart over eitt byrja kampen mellom Tysnes jenter 10, Gul. Dei møtte også Årstad 2. Dette vart ein skikkeleg spennande kamp for publikum å sjå på. Laga fylgde kvarandre tett heile vegen. Til pause leia Årstad 2 med eitt mål, 6 – 5. Tysnes Gul kjempa på i heile kampen og klarte akkurat å berga uavgjort 10 -10 til full tid. Flott innsats, og dagens høgdepunkt i hallen!

Siste kamp var mellom Tysnes jenter 15 og Kringlebotn. Tysnes J15 var litt bakpå dei 5 fyrste minutta. Dette utnytta Kringlebotn, og fekk raskt ei solid leiing. Tysnes kom betre med i kampen etter kvart, men klarte aldri å hente inn forspranget som Kringlebotn fekk i starten. Kampen enda 22 – 16 til Kringlebotn.

Julie Kristine Aarvik rett før skot.

Hanna Langballe med eit flott hoppskot

Brita Nødland Austvik skyt i mål etter ei flott kontring.

Tysnes jenter 10 gul i angrep

Ida Lie Solheim avsluttar for Tysnes J13

Ida Lie Solheim avsluttar for Tysnes J13

Trenar for J15, Linn Bergesen har teke Timeout

Keeper Malene Tysnes har betre spenst enn dei fleste. Denne ballen endte i stolpen.

Kringlebotn sitt forsvar møter Sara Simone Haukefær