Kampar 15 nov.14

Tysnes Gul J10 – Gneist 3 (8-7)

Kampen starta med jevnt spel og godt forsvar. Med godt strekspel fekk Tysnes inn fyrste mål. Til pause var stillinga 1-1. Andre omgang blei meir målrik der laga følgde kvarandre til 4-4. Deretter gjekk Tysnes i frå Gneist med gode mål av vingane. Då fekk Tysnes ei god leiing med 8-5. På slutten blei det noko stang ut, men jentene halt leiinga og fekk ein fortent siger 8-7.

Tysnes J13 – Os 2 (17-19)

Tysnes møtte eit godt lag frå Os bygda. Kampen starta bra med leiing for Tysnes jentene. Os fekk etter kvart inn fleire mål og hadde 7-10 leiing til pause. I andre omgang hadde Tysnes fleire fine mål frå kant slik at Tysnes henta inn Os, og det var 15-15 med 3 minutt igjen. Mot slutten var det jamt, men Os vant til slutt med 17-19.

Tysnes Damer K07 – Kvinnherad (35-22)

Kampen starta med innmarsj og presentasjon assistert av jenter 10år. Damelaget fekk tidleg leiing med fine mål og godt målvaktarbeid. Etter kvart fekk Kvinnherad inn nokre mål, men det helt ikkje mot godt forsvar og angrep frå Tysnes. Før pausen fekk Tysnes inn fleire kontringar og leia trykt 19-9. Halvegs i andre omgang var stillinga 30-15. Kvinnheringane kjempa godt ut kampen, men trua ikkje sigar til Tysnes. Det ser ut til at Tysnes kunne spelt ein til to divisjonar høgare alt no. Med fleire unge på laget ser framtida lys ut. Kampen enda 32-22.

Tysnes Rosa J10 – Gneist 3 (4-8)

Tysnes jentene møtte eit lag frå Gneist som var revansjesugne frå tap tidligare på dagen. Tysnes stilte med nye spelerar som starta med fine mål og godt målvakt arbeid. Tysnes fekk raskt to måls leiing. Motstandarane blei betre samspelt etter kvart og fekk ei leiing. Gode enkeltprestasjonar var diverre ikkje godt nok til å snu trenden i andre omgang. Gneist vann 4-8. Me har nå to jamne lag med jenter 10år som hevdar seg bra. Med litt meir kamptrening har laga kjekke kampar i vente.

Alle som likar å sjå god og spanande sport bør ta turen til Tysneshallen når det er kampdag.
Tysnes idrettslag har kiosk med varmmat og kaker, og publikum får informasjon frå drevne kommentatorar.
Sanneleg godt at me har Tysneshallen! Til glede for aktive og passive 🙂