Kampar 08.03.14

Jentene fortset å kjempa godt, men Kvinnherad blir for sterke, når dei stiller med sitt aller beste lag. Dei går til pause 5 – 10.

Andre omgong blir ikkje stort betre. Kor jentene kjempar, blir det dessverre tap i dag. Kampen endar med 10 – 19.

Trass tap, er det mykje godt spel å sjå.

J13 mot Stord

Stor fart, gode kontringar og hardt-arbeidande forsvar pregar kampen til J13 mot Stord.

Stord blir likevel for sterke, og jentene må sjå langt etter seier.

Humøret er på plass, og det ser ut til at sportsgleda er der. Det held ikkje mot eit lag som er tydeleg betre.
Sluttresultat 7 -21.

Revansjforsøk for J12 mot Kvinnherad 2

J12 har sin andre kamp mot Kvinnherad i dag. Dei er revansjlystne frå start, og held buret reinare enn i 1. kampen. Likevel er det tøffe tak, og 1. omgong endar som i 1. kampen med 5-10.

I andre omgong, klarer Tysnesingane å fylgja Kvinnheringane litt betre, og dei drar ikkje så langt ifrå. Forsvaret er langt betre enn tidlegare på dagen.

Mykje godt lagspel og gode enkeltprestasjonar å sjå.

Resultat 11-17 er me godt nøgde med.

Tekst og foto Eli Espeland