Heimekampar 16.02.14

Andre omgong starta litt trått for jentene våre. Kjøkkelvik skåra 5 mål på 5 minutt. Etter Time-out skjerpa jentene seg og skåra 3 raske mål. Då det var 6 minutt igjen var stillinga 10-10. Det vart ein spanande slutt der Tysnes jentene drog i land sigeren med resultatet 12-11.

Desse var med: Malene, Lena (1), Kathrine, Vilja, Sara (3), Bibbi, Ayleen (5), Kaisa (3), Annike, Kjersti og Tea.

Malene er tryggleiken sjølv på straffe, og redda 3 av 3.

Jenter 12. Tysnes-Stord 2.

Tysnes jentene starta bra og hadde ei leiing på 2-3 mål gjennom heile omgongen. Ved pause var stillinga 8-6.

I andre omgong starta dei lika bra, men på slutten tok jentene frå Stord innpå. Det vart ei spanande avslutning på kampen med sluttresultatet 13-13.

Desse var med: Eline (1), Kristine (1), Ingeborg (3), Julie (3), Petra (1), Signe, Norunn (4), Emma og Malene

Tredje kampen i hallen var mellom Tysnes og Sund. J-14

Tysnes tok raskt overtaket i kampen, med fyrste mål før det var gått 1 min. Det var god fart og flyt i spelet av jentene , og mange kom på skoringslista.

Tamara gjorde ein glimrande jobb i mål, og me kan vel sei at ho var banens beste.

Toppskorar var Thea, men i dag var det eit godt samspelt lag.

Resultatet vart 21-8 til Tysnes.

Fjerde kamp var Tysnes-Tertnes J-15

Dette vart ein spanande kamp.

Tertnes kom best i gang, men det tok ikkje lange stunda før Tysnes var forbi. Malene Tysnes gjorde ein kjempe kamp i mål.

Til pause sto det 13-7

I andre omgang spelte begge lag bra handball, men Tertnesjentene kom aldri nermare enn 2 mål bak.

Ina Borlaug vart toppskorar med heile 15 mål, rett og slett fantastisk.

Resiltatet vart 22-19 til Tysnes.

Med andre ord ein kjempe flott dag i hallen for Tysnesjentene våras.