03.11.13

Tysnes J14 møtte Løv Ham i Tysneshallen i dag, søndag 3. november.

Det vert ein jamn og spanande kamp! Heile kampen følgde laga kvarandre tett. Begge laga viste gode takter i angrepsspelet, og fleire gule kort vitna også om godt forsvarsspel.
Tysnes leia stort sett heile fyrste omgang, men laga gjekk til pause 11- 11. I andre omgang tok Tysne leiinga, men Løv Ham utlikna midtvegs i omgangen og var i leiing ei lita stund. Tysnesjentene kjempa godt og då det var to minutt att av kampen stod det 18- 18 på resultattavla!
Tysnes sin keeper hadde ei viktig redning i dei siste speleminutta. Thea Sløgedal snappa ballen då det stod att 30 sekund og Tysnes vann til slutt 20- 19.

Tysnes J11 møtte Stord i sin fyrste kamp i Tysneshallen i dag.

Jentene viste mykje godt spel, og tok leiinga tidleg i kampen. Sjølv om jentene jobba godt i forsvar, tok Stord leiinga utover i omgangen. Tysnesjentene låg under 3- 7 til pause. Stord starta andre omgang best og sette inn nokre raske mål.
Laget hadde føringa, og sjølv om jentene frå Tysnes reduserte fleire gonger, vart det til slutt siger til Stord med sluttresultatet 7- 11.

Andre kampar for J11 i hallen i dag:

Stord 3- Kvinnherad: 14- 6
Stord 2- Stord 4: 16- 11

Ida Meland