26.10.13

Jenter 13

Tysnes mot Askøy 2

Dette var ein jevn kamp. Jentene leda med eitt mål til pause, etter mykje godt og hurtig spel.

Etter pause drog Askøy litt og litt ifrå og vart for sterke for Tysnesjentene denne gongen.

Sluttresultatet vart 15-19 til Askøy.

Jenter 12

Tysnes mot Fitjar

Heilt frå start av var jentene våre på ”hugget” i dag. Dei hadde stort tempo og gode kast og mottak. Til pause leda dei 8 – 3. Etter pausen fortsatte jentene med høgt tempo og sprang heilt ifrå Fitjar. 7 av tysnesjentene scora mål og sluttresultatet vart 19 – 3 til Tysnes J Kjempeflott!

Damelaget

Tysnes mot Voss 2

Dette var og ein kamp med høgt tempo. Fyrste omgang var veldig jevn, sjølv om det var Voss som hadde leiinga det meste av omgangen. Til pause var resultatet 19 -17.

Tysnesdamene kjempa hardt i andre omgang også, men Voss fekk mykje meir uttelling i angrep enn Tysnes. Dermed enda resultatet med 29 -34 til Voss. Desse var med; Eirin Kvamsøe Dalland, Silje Helland, Isabel Rosvold Vik, Agnethe Flakke, Cecilie Fagerbakk, Sara Elisabet Stue, Celine Vevatne Lunde, Renathe Hagen Lunde, Linda Flornes, Linn Bergesen, Lovise dalland, Ragnhild Dalland.