Kampar 29.09.13

Fyrst var det J14 som var i elden. Dei spela mot Sotra 3. Tysnes J14 låg over motstandarane heile vegen. Ved pause var stillinga 9-3. Sluttresultatet vart 16-10. Takk for god innsats av Malene som var målvakt i 1. omgang og Tamara som var målvakt i 2. omgang. Med på laget var toppscorar Thea, Kristianna, Sarah, Ingrid, Malin, Lene, Karoline, Amalie, Susanne og Sofie.

J 15 fekk ein flott start på serien. Dei kjempa mot Nore Neset og fekk ei god leiing heilt i frå start. Ved pause var stillinga 17-5 og ved kampslutt hadde jentene heile 30 nettkjenningar. Motstandarane måtte nøye seg med 12. Tre av jentene frå J14 hadde berre ein times pause i dag før dei gjorde ein flott innsats igjen med J15. Tamara var målvakt gjennom heile denne kampen. Kristianna og Thea spela utpå. Resten av laget var Anna Dorthea, Ina, Eli, Ruth Johanne, Nora, Martine, Eline og Kathrine.